Foto: Daniel DeNiazi

Like etter midnatt onsdag vart ein mann teke for promillekøyring på Fitjar.

Det opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Håkon Tornes.

– Mannen framsto som rusa og vart teke med for blodprøvetaking. Førarkortet vart kverrsett.

Vaktsjefen kan ikkje seia noko om bakgrunnen for at vedkommande vart stansa, men mannen skal ikkje vere ein kjenning av politiet.

– Han er ikkje stempla som ein kjenning, nei.

Mannen er i 30-åra og er heimehøyrande i Fitjar.