Rundt klokka halv fem i natt fekk politiet melding om at ein mann var slått ned i Fitjar.

Mannen var blodig og medvitslaus. Ambulanse og politi vart sendt til staden, og mannen vart køyrt i ambulanse til Stord sjukehus.

Gjerningsmannen vart pågripen. Han var rusa og hadde òg knust eit vindauge i ein bil og eit vindauge i ein bygning på staden. Neste stopp for gjerningsmannen vart arresten i Haugesund der han vart sett i varetekt.