Foto: Daniel DeNiazi

Er frakta til Stord sjukehus.

Like før klokka 8 fredag morgon meldte Sørvest politidistrikt om ei mopedulukke på Fitjar. Ulukka skal ha skjedd i Kvednavegen på Fitjar.

Føraren av mopeden, ein mann i 30-åra, vart skada i ulukka.

– Han er omtåka, har skadar i hovudet og klagar over smerter i ryggen, opplyser politiet.

Han vert køyrt til Stord sjukehus for behandling.

Det skal ikkje ha vore andre personar involvert i ulukka enn mopedisten.