Ein mann vart rundt midnatt funnen livlaus i sjøen utanfor bank-kaien i Fitjar sentrum.

Personen, som fitjarposten har fått stadfesta er polsk, vart teken opp av sjøen, og livreddande vart gjort før luftambulansen kom og brakte mannen til Haukeland Universitetssjukehus der han truleg er framme no.

Ulykka skal ha skjedd i samband med bading, men elles er det på noverande tidspunkt uklårt kva som har skjedd. Men mannen kan ha lege under vatn så lenge som 30 minutt.

Ein del polakkar sat ved eit bord ved åstaden, djupt prega av det som har skjedd, då Fitjarposten var på plassen.Dei stadfesta at personen som var funnen i vatnet, var ein ven av dei, men dei kunne for lite engelsk til å seie særleg meir om det som har skjedd.

Siste:
Det er no stadfesta at mannen er død. Han var i 40-åra. Etter det fitjarposten erfarer var han gjestearbeidar, ikkje i eit fitjarfirma, men i eit firma på Stord.

 Ordførar i Fitjar Wenche Tislevoll fortel at kommunen sitt kriseteam er i beredskap dersom det blir trong for det. -Dette er ei tragisk ulukke og tankane går til familien, arbeidskameratane og dei som er involverte i ulukka, seier ho til Sunnhordland.

Sjå òg: nrk