Langt over 100 kunstinteresserte fann vegen til Losjehuset for å sjå bileta til Karl Gloppen då utstillinga i Losjehuset opna laurdag ettermiddag.

Det var trongt om plassen i Losjehuset i dag då godt over eitt hundre kunstinteresserte og kjensfolk av den gamle skulemannen og familien hans møtte opp for å heidra den mangfaldige høvdingen Karl Gloppen.

Den gamle lærarkollegaen hans, Karvel Strømme, har teke initiativet til denne utstillinga, saman med kona si, Bjørg Strømme. Han ønskte den stinne brakka varmt velkommen, og gav eit levande portrett av bonden, pedagogen, målaren, songaren, jegeren og familiemannen Karl Gloppen. Han takka Karl sine nærmaste for samarbeidet, og retta samstundes takk til alle som hadde lånt ut bileta sine til dette høvet, og til alle som har støtta prosjektet praktisk og økonomisk.

Korleis Karl Gloppen fekk tid til å måla 250 bilete, kan ein gjerne undra seg over. Det gjorde også familien. – Det må ha vore etter at eg hadde lagt meg, blei det sagt etter kona Ingebjørg. Både ho og dei fire døtrene var sterkt til stades på utstillinga. Aud Gloppen er ein av dei beste bokdesignarane i landet, og det som i utgangspunktet skulle bli ein katalog over bøkene på utstillinga, var blitt til ei vakker bok. Den gjekk naturlegvis som varmt kveitebrød under dagens samling.

Signe Gloppen stod for den offisielle opninga av utstillinga. På vegner av familien takka ho alle som hadde vore med å få denne utstillinga i stand, og alle som hadde møtt opp for å gjera ære på faren. Ho gav og eit levande bilete av den travle familiemannen som skipa kunstutstilling i Landahytta kvar påske!

Sjølvsagt var Osternes Mannskor minst like sterkt til stades, og dirigent Ole Christian Ottestad fortalte om songaren og musikaren Karl Gloppen. Som song førstebass i mannskoret i over ein mannsalder, og som var den store drivkrafta i Fitjar Skulekorps i mange år. Før koret song «Himlen blåner for vårt øye» og «Skomværsvalsen», begge tilrettelagt for mannskor av – ja, nettopp – Karl Gloppen!

For dei som ikkje hadde tid i dag – eller som ikkje klarte å komma seg innanfor dørene – minner me om at utstillinga er open fram til 12. april.


Signe Gloppen stod for den høgtidelege opninga og takka initiativtakarane Karvel og Bjørg Strømme, og andre som hadde hjelpt til å få utstillinga i stand. Foto: Kjetil Rydland.


Osternes Mannskor, her representert ved Kjell Håvik, Harald Johan Sandvik, Nils Hageberg og Ingolv Rimmereid, song to songar som Karl Gloppen har lagt til rette for mannskor. Foto: Kjetil Rydland.


Galleri Losjen blei altfor lite då «alle» ville vera med og heidra Karl Gloppen og måleria hans. Foto: Kjetil Rydland.


Mykje fint å sjå på for Anne Marie Røed og over hundre andre i dag. Foto: Kjetil Rydland.


Kjellfrid Volden visste å gle seg både over utstillinga og serveringa. Foto: Kjetil Rydland.