Til tider er me plaga av at nokon manipulerer og juksar med avstemminga me har på nettsida. Der er ingen løyndom at det går an, men det er trist når nokon gjer det, og no ser me at det har skjedd igjen.

Avstemminga er berre meint å vera ein uhøgtideleg peikepinn om kva fitjarbuen meiner, og det går bra i dei aller fleste saker, men når det er noko som er litt kontroversielt, er det alltid nokon som er inne og juksar. Det er trist, for me trur at folk gjerne vil ha ein slik peikepinn om ymse saker.

Denne gangen ser me at dette er gjort av folk som ikkje ønskjer at revyteltet skal flyttast.

Me har no lagt ut ny avstemming om ei anna sak, og vonar at folk kan la den "vere i fred" for juksing.