På Hårloftet har dei utvida frå to til tre frisørar – og kan no òg tilby manikyr.

Det er nytilsette Marie Espedalen som tilbyd den nye tenesta. Ho har tidlegare vore frisør på Stord, men har no flytta til Fitjar. Her har ho altså har fått jobb på Hårloftet.

Marie fortel til fitjarposten.no at ho hadde drive litt med manikyr på hobbybasis før ho kursa seg slik at ho no kan utføra manikyr på kundar som ønskjer å få gjort noko med fingerneglene sine.

– Og ikkje før hadde me gjort tilbodet kjent, så kom dei første kundane, smiler Marie og fortel at tenestene ho utfører, i tillegg til at ho òg er frisør, er naglepleie, støyping av negler (fransk manikyr), lakkering og nagledekor.

steroidi