Til kommunestyremøtet onsdag var tre representantar for Ungdomsrådet innkalla for å vera med for å underskive ”Manifest mot mobbing i Fitjar Kommune”

Etter initiativ frå Ungdomsrådet i Fitjar vart det lagt fram lokalt forslag til ”Manifest mot mobbing i Fitjar kommune” på sist møte for utval for Oppvekst og omsorg.
Ungdomsrådet har sist år hatt ein del fokus på arbeidet med mot mobbing. Rådet har saman med Stord ungdomsråd m.a. vore med å arrangera ”Kjetil og Kjartan-show”, ei framsyning som har fokusert på arbeidet mot mobbing. Rådet har såleis også motteke stønad frå lokalt næringsliv til tiltaket.

Ut frå dette arbeidet har rådet laga til eit forslag til lokalt manifest. Dette er ei vidareføring av det nasjonale manifestet. Det lokale manifestet er meint å forplikta alle vaksne og unge til å arbeide for at mobbing skal førekoma i minst mogleg grad i Fitjar.

Utval for Oppvekst og omsorg støtta på sitt møte framlegget og på kommunestyremøtet onsdag vart manifestet underteikna av representantar frå Ungdomsrådet og kommunen. Ungdomsrådet var representert ved leiar Leif tore Nesbø Aarland, Malene Traa og Sitne Vesterheim. Frå kommunen var det skulesjef Edvin Aase og ordførar Harald Rydland som skreiv under på manifestet.
Tanken er å gjera manifestet endå meir lokalt ved at det vert underteikna av t.d. kvar skule, barnehagane og idrettslaget i Fitjar.