Arkivbilete Årskog barnehage i Fitjar. Foto: Hordaland fylkeskommue

Fitjar kommune manglar barnehageplassar for 10 born, som vil seia 18 plassar, i barnehageopptaket for 2019.

Dette var eit uventa problem for Fitjar, då det har vore ein nedgang i talet fødde barn i 2018. Seinast i fjor søkte Årskog barnehage om tilskot, då dei ikkje fekk fylt opp barnehageplassane sine. No er det berre barnehagen i Dåfjorden som har ledige plassar. Alle som manglar barnehageplass har fått tilbod om plass i Dåfjorden, men dei har ikkje vore eigna grunna bustad/jobb andre stadar i kommunen.

Etatssjef for oppvekst- og kultur John Karsten Raunholm, syner til tre årsakar til problemet. Det har med alderssamansetjinga i søkjarmassen, fleire eldre born søkjer plass, og i tillegg er det ein del tilflytting til Fitjar.

Kommune har jobba med å finna ei løysing på plassmangelen. Ein har vurdert både private og kommunale løysingar. Blant anna såg ein på på moglegheita til å setja opp eit modulbygg ved barnehagen i Fitjarstølane.

No fortel etassjefen at det er Fjellheim barnehage som riggar ei løysing for desse borna.

– Alle skal få plass i barnehagar i Fitjar kommune, sa etatssjefen. Han poengterer at ein no må sjå på den framtidige planen for barnehagesituasjonen i Fitjar.

Samla vil utgiftene til barnehageplassar bli kr 1.825.000,- høgare enn det ein budsjetterte med. Dette må ein arbeida inn i revidert budsjett.

- Annonse -