Det vart flott turvêr for alle som møtte opp på Dalshaugane søndag for å vera med Barnas Turlag på tur. 96 små og store skreiv namnet sitt i turboka før turen gjekk i varierande tempo på stien mot Botnavatnet.

Langs stien var det lagt ut postar med ulike oppgåver både for born og vaksne, og kvar familie eller gruppe fekk utdelt kart, blyant og ark til å skriva ned svara på spørsmåla.

Etter kvart som folk kom til Botnavatnet, var det fram med matpakke, pølse på termos, saft, kaffi eller andre ting som var med i sekken. Alle borna fekk tursjokolade til premie, og det var gjennomgang av dei rette svara på postane, før det beste laget vart premiert. Glaset med nonstop på siste post vart delt ut til laget som hadde tippa nærmast i tippekonkurransen.

Etter ein god pause, gjekk turen vidare over til Klovskardvatnet og nye seks postar på veg ned igjen til parkeringsplassen. Heile turen var mellom 7 og 8 km, og det var imponerande å sjå at så mange små turgåarar kom seg rundt heile løypa. Turleiarane var spente på om turen var i lengste laget, men håpar og trur at alle hadde ein fin dag.

Takk til alle som var med!