UP hadde i går kveld trafikkontroll på  E39 i Fitjar. – Det vart reagert mot 64 bilførarar, opplyser operasjonsleiar Terje Tonning i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– 59 bilførarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Fem bilførarar fekk førarkortet beslaglagt for å ha køyrt ekstra fort. Høgaste fart hadde ein som kjørte i 93 km/t i 60 sona, heiter det vidare i politiloggen.