"Ung på scenen"-arrangementet i Kultursalen, torsdag, syner at kulturlivet i Fitjar har mange gode arvtakarar.

Mellom alle dei flotte innslaga, let me oss endå ein gong imponera av Ole Andre Westerheim som denne gongen stilte med sjølvskriven låt, framført på flygel. Og saman med Tone Hatlevik, fekk han det verkeleg til å svinga på countrylåten "Jackson" av June & Johnny Cash. Flott sunge av Tone òg.

Marita Westerheim song vakkert til eige gitarkomp, og dei unge dansarane som opptrådte under Kultursalopninga, synte enno ein gong at dei har god rytme i kroppen.

steroide anabolisant achat