Det er naturleg når kysten av Sunnhordland er ein del av den internasjonale North Sea Cycle Route, og ruta går gjennom Fitjar kommune.

Fredag føremiddag trefte me to nøgde sykkelturistar som hadde overnatta på Fitjar. Elisabeth og Marit fortalde om ein flott åttedagars tur som starta i Lyngdal. Det var viktig å få fram kor fantastisk heldige dei hadde vore med veret. Berre torsdag hadde det kome skikkeleg regn, elles var det berre småbyger, slett ikkje noko å snakke om. Rett nok sa dei at det var fole gale å stelle med eit vått telt. Då skjøna me at turistane måtte vere romsdøler. Dei fortalde om kvar sin heimeplass i Fræna og Midsund og at dei var søskenbarn, men no var dei busette på Sørlandet og i Oslo. Fredag skulle desse to sykle den siste etappen via Halhjem og over Fanafjellet til Bergen. Marit spurde om det var høve til å kjøpe mat på ferja i Sandvikvåg. Det kunne visst friste med sveler, og seinare ville dei kjøpe rømmegraut på Fanaseter. Jentene hadde gledd seg til komlemiddag på den lange ferjeturen til Skudesnes, men der var det ikkje matsal i det heile.

Marit og Elisabeth la også vekt på kor flott den femti mil lange turen hadde vore med omsyn til alt det vakre i naturen, og fotoapparatet var visst ofte i bruk. Dei hadde følgd den kjende Nordsjøsykkelruta. Den er skilta som nasjonal sykkelrute nummer 1. Ein del av strekninga mellom Lyngdal og Bergen var ukjent på førehand. Syklistane var også samde om at det enkle liv med telt og primus var veldig flott.