Ved avkøyrsla til Kråko Sjøhytteområde ligg eit anna område som er godt tilrettelagt både for turistar og bygdefolk

Fitjar Sjø og Camping har fått ein god start på verksemda si. Randi Dalen fortel at servicebygget stod ferdig til bruk i 2008. Eit romsleg festlokale gjev plass til 84 gjester, og det vert m.a. nytta til bryllup, konfirmasjon, kurs og konferansar. Randi fortel at ho er utdanna kokk og lagar det folk måtte ønskje, frå daglegdags mat til 4- 5 rettars middag. Her kan ein og tinge diverse rettar og få det levert heime.

Både fitjarbuarar og utanbygds nyttar seg av tilboda. Det er mange som tingar plass til konfirmasjon medan borna enno går i barneskulen. Ved slike høve er det ofte trong for overnatting, og to fullt utstyrte leilighetar med seks sengeplassar i kvar kan vere aktuelle. På sikt vil ein auka denne kapasiteten ved å byggja hytter på området. To av dei er snart under oppføring.

Stor oppstillingsplass for stasjonære campingvogner er teken i bruk, og nærast sjøen ligg tilhøva godt til rette for gjennomreisande med bubil eller campingvogn. Dei som kjem sjøvegen, finn seg plass ved kaien. Eit stort område med plen eignar seg fint til telt, med høve til å bruke kjøkken og bad/vaskerom innandørs. Det er ingen tvil om at Fitjar treng desse fasilitetane.

Når Fitjar Sjø og Camping kjem i full drift, reknar Randi Dalen med at det vil bli 2- 3 arbeidsplassar der. Sidan i haust har det vore god etterspurnad på festlokale og bruk av leilighetar.