Illustrasjonsfoto: KS

Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni, fortel fungerande direktør NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen, i ei pressemelding. Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som vart hardast råka av koronakrisa.

I Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent.

Som ei følgje av at mange permitterte er tilbake i full jobb, fall talet på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni. Dette gjeld innan alle bransjar, og som venta ser vi sterk nedgang innan butikkarbeid, reiseliv og transport, men gledeleg også for industri og bygg og anlegg.

– Som vi ser på landsnivå mellom fylka, har vi store skilnader mellom kommunane våre i arbeidsløyseprosent. Bergen har framleis godt over halvparten av alle ledige i fylket, noko som utgjer 5,6 prosent av arbeidsstyrken, berre «slått» av Stord med 5,9 prosent. I den andre enden finn vi Gulen med 1,2 prosent og Vik med 1,4 prosent. Heile 15 kommunar har 3 prosent eller lågare arbeidsløyse i fylket vårt, fortel Hysing-Olsen.

Vil ta tid å erstatte tap av arbeidsplassar som følgje konkursar og nedskjeringar

Stillingstilgangen i juli er opp med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Det vart utlyst 2 719 stillingar. Flest innan butikk og salsarbeid, helse/pleie/omsorg og bygg og anlegg. Dette er godt nytt for alle dei som framleis er heilt eller delvis utan arbeid i fylket, men det er sjølvsagt skarp konkurranse om jobbane når så mange med erfaring og kompetanse er ledige.

Talet på personar som har vore ledige over 26 veker, utgjer no 4 963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid att, og såleis får vi stadig fleire langtidsledige.

– Dette er ei utvikling som vi følgjer nøye og vil prioritere innsats på framover, seier Hysing-Olsen.

– Utsiktene framover er usikre. Det vil ta tid å erstatte tap av arbeidsplassar som følgje konkursar og nedskjeringar, sjølv om konsekvensane av pandemien vonleg vert mindre utover hausten. Om det ikkje kjem alvorlege tilbakeslag, ventar vi at stoda i fylket vil utvikle seg positivt fram mot årsskiftet. Vår beste spådom for neste år er at bruttoarbeidsløysa i gjennomsnitt vil vere rundt ein tredjedel av kva den har vore på det høgaste under koronakrisa og nesten tilbake til situasjonen før krisa mot slutten av 2021, avsluttar Hysing-Olsen.