Fleire titals personar nytta høvet til å få sjå nærare på Storhaugtun i Rossneset då det var visning der i går kveld. -I det heile ei bra visning. Eg fekk inntrykk av at alle likte det dei såg, sa meklar i EiendomsMegler 1, Bente Faksnes, til fitjarposten.no etter visninga. Biletet syner uteområdet i sameiget. Foto: Håkon C. Hartvedt

På Storhaugtun er det eit opplegg der fire leilegheiter ligg tett saman i eit sameige, med eige fellestun, kjøken og opphaldsrom med gode mulegheiter til å ha det sosialt i lag. I tillegg er det åtte faste, meir vanlege leilegheiter – og eitt rekkjehus.

Felles opphaldsrom i sameiget. Foto: Håkon C. Hartvedt

Stova i ei av leilegheitene i sameiget. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eksterne leilegheiter og rekkjehus. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det er ikkje til å leggje skjul på at leilegheitene kostar litt, og folk vil gjerne vere gjeldfrie når dei kjem litt opp i åra, men det er ikkje dårlegare økonomi å ta opp eit lån for å investere i noko nytt enn å eige eit gamalt hus, meiner Faknes.

Ho arrangerer gjerne fleire visningar, om det er ønskje om det.