Rundt 40 møtte fram til opninga av Vil Vaka-opplegget og fotoutstilling ved Roald Sundal i kveld. Bilete: F.v. Vidar Vedå, Cecilie Anna Rønhovde, Bodil Vik, kultursjef Bente Bjelland og Roald Sundal. Foto: Håkon C. Hartvedt

-Roald Sundal sine utrykk er presise og sarte. Dei synleggjer trådane som det er vanskeleg å setje ord på mellom oss menneske, sa Cecilie Anna Rønhovde ved opninga. Denne gongen handlar utstillinga om om natur, og alle biletaer teke på eit lite område på 50 x 100 m i Dåfjorden. 

Sundal er tett på skogen, og har lete seg inspirere av flater og former, «små under som han ikkje visste fantes der.»

 

Eit av Roald sine bilete. Toninga i biletet har han fått fram ved å leggje biletet ute i ei hjortehole i fire døger.

Kultursjef Bente Bjelland fekk takk frå Rønhovde og takka sjølv for at dei ville ha dette opleget her på Fitjar. -Dette er ein utruleg kjekk dag, og eg gler meg til resten, sa ho, og helste frå ordførar Wenche Tislevoll som ikkje kunne vere til stades denne gongen.

 

Roald Sundal kunne gle seg over godt med folk på opninga av fotoutstillinga si i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Så var det duka for musikkinnslag med miniforetaket, Cecilie Anna og Vidar Vedå. Dei framførte to songar på nydeleg vis.

Song ved Miniforetaket.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Det vidare opplegget for Vil Vaka er slik:

Laurdag 20. – 28. juni på Torsdagsøy
Kunstutstilling med Yngve Bukkøy sine bilete.
Ope dagleg frå laurdag 20. kl 13:00 til søndag 28. kl 15:00
Kunstnaren er tilstades i perioden.

Søndag 21. juni på Galleri Losjen
To konsertar med Familieforetaket. Kl 15:00 og Kl 18:00 Billettar 150,- kan kjøpast i dør eller reserverast på telefon 41503538 (Cecilie)/www.facebook.com/familieforetaket