Møteleiar Rolf Helland kunne ønske velkomen til eit fullsett Øvrebygda bedehus då Venestemnet vart opna klokka elleve i dag. 

Teksten for dagen handla sjølvsagt om då Jesus fór opp til Himmelen, og englane som gav melding om at han ein gong vil koma att derifrå. Men begge talarane, både Olav Oma og Olav Eikemo, peika på at me kan ikkje berre stå å vente på det. Me må «gå ned frå fjellet» og gjere Guds gjerningar der me bur, fortelje om Jesus og hjelpe folk til tru på Han.

Oma refererte òg ei sterk historie om kristenforfølging i dag og oppfordra forsamlinga til å ikkje gløyme at dei forfølgde kristne også er våre brør og systre. 

I møtet klokka 13.30 tala Olav Eikemo om bøna, og det var gjeve høve til helsingar frå folk i forsamlinga. Fitjar Musikkforeining song på begge samlingane. – Velsigna fint å høyre på, spør du oss. I mellom møta vart det servert svært etandes betasuppe.