Scrapping er in, og scrapping er gøy. Det var det tydelege inntrykket me fekk når me var innom Øvrebygda skule tidlegare i dag.

Denne helga er det nemleg scrapping (klipp & lim som kunstform) for alle pengane på Øvrebygda Skule. -Dei ivrige damene, for det var visst ingen menn med, begynte i går kveld – og heldt det gåande til 01.00 i natt. Så var det på`an igjen klokka 10 – 13 i dag og frå 10 -18 i morgon.

-Og det var mykje fint å sjå i kort, album, små esker til å ha ting i – og mykje meir. -Ein kan nær sagt pynte alt mogeleg på denne måten, får me vite av blide scrapparar.

Inn i programmet hadde dei òg lagt små konkurransar der dei mellom anna skulle dekorere ein tekst eller lage noko ut i frå ein liten pakke med materiell, som alle deltakarane fekk kvar sin av.

-Det er berre kjempekjekt. Men det er også dyrt, så me må nok ønskja oss scrappe-ting både til jul og bursdagar, ler den glade  scrappegjengen til slutt.