Over 100 var til stades då fellesmøta med P7-pastor Johnn Hardang starta på Øvrebygda skule i kveld. Eit roleg, men sterkt møte.

Hardang er ikkje ein forkynnar med dei store faktene, men engasjementet er levande. Vidare er han utruleg lett å følgje og forstå. Og om han ikkje skrik dei ut, er orda sterke nok. For mange vart det såleis ein ransakande kveld med Jesus sterkt i sentrum, og mange rekte opp handa som teikn på at dei ønskte forbøn.

Alt i ein roleg atmosfære.

Her var det offer, men ikkje pengemas. Her fekk Bibelordet tale,  og ikkje utilbørleg menneskeleg press.

Møta fortset til og med søndag. Kvar kveld kl. 19:30.