Både hovudsalen og salen bak i Fitjar bedehus var mest fullsett under Fitjar kyrkjelyd sin årsfest i går ettermiddag.

Tidlegare biskop Øystein I. Larsen var henta inn som festtalar. Han minte oss på ein god måte om at Gud ser oss først, og gjennom ei artig barnehistorie, om at det viktigaste er ikkje kyrkjebygninga, men det som skjer inni ho.

Prost Svein Arne Theodorsen peika på at Fitjar har svært mykje å gle seg over som kyrkjelyd og ønskte å rope eit aldri så lite «Halleluja!» for det.

To av «liljene» gledde forsamlinga med vakker song, og arrangørane varta opp med eit nydeleg kakebord. Festen var på ein god måte leia av Johannes Olsen i Fitjar sokneråd som óg framførte ein flott song til eige komp på gitar. Han tok over leiinga av festen etter at soknerådsformann, Roald Drønen, hadde ønskt velkomen.