Opninga av kunstutstillinga til Maren Sofie og Bjørg Strømme samla mykje folk, og kammerkoret var strålande.

Nærare hundre menneske samla seg i foajeen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg til opninga av utstillinga "Balanse" med Maren Sofie og Bjørg Strømme. Ein del av motiva har me sett før, men det var òg mange nye, så det er all grunn til å ta turen innom Kulturhuset i tida framover.

Ved opninga fekk me òg eit "gjenhør" med Fitjar kammerkor med Helge Haaland som dirigent, noko som vart ei oppleving av dei store, som ein kjempemessig bonus i tillegg til den flotte kunstutstillinga. Me vart rett og slett kjempeimponerte. Fantastisk fin, homogen klang i artige arrangement, spennande dynamikk frå kjempefin crescendo (utan mikrofonopplegg)  til lågmælt pianissimo – og så syng dei reint, med eit repertoar som når dei fleste.

Alt i alt ein fin kveld der to kunstartar synte seg frå si beste side.