Godt med folk var det på julemessa i Øvrebygda i ettermiddag. Og på Fitjar bedehus var det heilt fullt.
I Øvrebygda har denne julemessa som føremål å samla inn pengar til dei fattigaste mellom dei fattige. Heilt konkret til eit sjukehus i byen Okhaldhunga i Nepal. Og folk kjøpte villig lodd.
Arrangørane hadde òg lagd til eit bord med vaflar, lappar, platekaker og andre godsaker som det berre var til å forsyna seg av. Elles var det andakt, song og musikk. Og andaktshaldaren minna om «Gåva i frå Gud», som me kan ta imot med forventning. Gud gjev ikkje dårlege gåver.
Julemessa i Fitjar bedehus er i mykje større i omfang, men opplegget er elles ikkje så forskjellig frå slik dei gjer det i Øvrebygda. Her var det andakt ved Ruth Mjanger og song av Fitjar Barnegospel og Fitjarbrørne. Inntekta frå denne basaren går til Fitjar bedehus.

Ellen Karoline Hovstad fortalde om sjukehuset i Nepal som pengane frå basaren går til. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fullt hus på Fitjar Bedehus. Foto: Håkon C. Hartvedt