Folk fylte begge stovene på aldersheimen i Havnahuset under den tradisjonelle basaren der i ettermiddag, og 39 000 kroner vart resultatet av det heile. 

Basaren er det dei tilsette som står for, og pengane går til trivselstiltak i form av blomar, hagemøblar og mange andre ting som kan gjere kvardagen kjekkare for dei eldre.

– Nokre av gevinstane har me kjølpt sjølv. Men me har òg fått mange flotte gevinstar frå butikkane i Fitjar, seier Jorunn Kloster i komiteen for basaren. Med seg i komiteen har ho Maryann Eriksen, Hege Korsvik og May Lisbeth Helland. I tillegg er Anne Berit Vik med som fast konferansier under basaren. 

Utanom fleire rundar med åresal vanka det òg både kake og kaffi til basarfolket.

På basaren i år kom det altså inn kr 39 000 til dette flotte tiltaket.

Ingressbilete: Folk koste seg på basaren i Havnahuset i ettermiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vunne på bok basar på Havnahuset:

1. Barnegenser: Ingeborg Brekke
2. Barnekjole: Fam. Frode Kloster
3. Barnetunika Marius: Fam. Jostein Mjønes
4. Blått heklateppe: Ann Therese Nesbø
5. Blått strikkateppe: Maryann Eriksen
6. Playmobilsett: Anne Berit Vik
7. Kreo-transformers: Vigdis Brakedal
8. Dokke m/kle: Sissel Ervik
9. Lappeteppe: Fam. Gunnar Siglen
10. Kniv: Ine K. Alsaker
11. Raud hekleserviett: Jorunn Helgaland
12. Kvit hekleserviett: Turid og Harald Sandvik
13. Kvit hekleserviett: Noralf Hugøy
14. Kvit hekleserviett: Berner Haukeland
15. Kvit hekleserviett: Benny Marie Isdal
16. Paraplytrille for barn: Fam. Gunnar Siglen
17. Strikkeduk rund: Arvid Havn
18. Strikkeduk rund: Ragnhild Siglen
19. Gavekort Theo: Signe Heggøy
20. Gavekort Theo: Oddrun Hatlevik
21. Brunt strikketeppe: Geir Asle og Kenneth V. Nedal
22. Ferskenfarga strikkeduk: Thorvald Dahle
23. Hekleduk beige avlang: Alvhild Raunholm
24. Hekleduk kvit avlang: Else M Bukkholm
25. Hekleduk salongbord: Kristine Vik
Rett trekning: Maryann Eriksen, May-Lisbeth Helland, Jorunn Kloster og Hege Korsvik