Elevar i kulturskulen stilte opp til gratiskonsert for slekt, venner og andre interesserte i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg i kveld.

Det var fullt på alle dei 50 stolane som var satt ut, nokre måtte stå, og i tillegg var det 20 stykkjer som stod på "gangen". Ingvild M. Oma og Solveig Liarbø opna konserten med å spela eit 4-hendig stykke på piano. Det krev at ein klarer å lytta til den andre og vera så trygg at ein klarer å ta hensyn til kvarandre om det trengs, og det klarde dei godt. Det var mange piano-elevar som deltok på konserten, og lærar Orlaug Evensen har mange flinke elevar å vera stolt over. Fire av dei som er nye i år deltok, det var Elisabeth Westerheim, Marita E. Nilsen, Marte Rimmereid og Heine N. Storevik. Det er modig gjort å opptre så tidleg og det var svært kjekt å høyra dei alle i aksjon. Av dei med lengre pianoerfaring var Åse Underhaug som spelte "September". Ein fin song med dansande rytme. Vilde Raunholm Kjelling spelte ein blueslåt som heiter "Down to buisness."  Guro Rimmereid spelte godnattsongen "So ro lillemann" og Adrian spelte blueslåta "Harmonic Blues". Me som er trufaste på foaje-konsertane høyrer at dei stadig blir flinkare, alle saman, og at dei stadig spelar meir avanserte stykke.

Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen fortel at i år er det rekordstor søknad til kulturskulen, og det gler ho seg over. Det som er trist er at dei dessverre ikkje har plass til alle. Det er spesielt mange søkjarar til gitar, og fleire av desse må nok førebu seg på å stå på venteliste.

På denne konserten var det tre av årets gitarelevar som deltok. Jedrek Rutkowski imponerte med flott fingerspel på ein av sine framføringar. Matias G. Toskedal og Tommy R. Johnsen spelte saman "Knocking on heavens door" og "Tears in heaven".

Det var og ein del songarar som deltok i kveld. Ingrid Fjøsne og Hildegard B. Matre song Abba-låta "I have a dream". Med to klare jentestemmer som passa svært godt saman var dette ei flott framføring. Audun Arthur Mehammer glitra verkeleg til i Elton John-songen "Can you feel the love tonight?" Johanne Fangel Brekke, som skal delta i fylkesmønstringa til ungdomens kulturmøsntring på søndag, fekk æra av å avslutta konserten. Me opplever at ho utstråler stadig større tryggleik i rolla som einsleg songar på scenen, og "Fields of gold" og "Another you" vart flott framført. Ho meistrar både dei svake, vare partia og parti der ho må køyra på med meir volum. Me ynskjer ho lukke til i fylkesmønstringa!

Kulturskulerektoren avslutta konserten med å takka alle som hadde delteke, og kvar enkelt fekk ein sjokolade med på vegen heim. Ho minna og om at kulturskuleundervisninga går som vanleg neste veke på tross av at det er skulefri to dagar.