Tittelen viser til Birgit Eppeland frå Dølemo ved Åmli sin spontane kommentar da ho fekk smaka laksen frå Engesund fiskeoppdrett i går.

Birgit er på vitjing hos søskenbarnet sitt, Judith Hageberg, som bur på Landa.

Og ho var ikkje åleine om å lika lokalmaten. Ikkje høyrde me nokon som ikkje likte det dei fekk smaka, mellom alle dei me snakka med på Sjøsio i går.

Både laksen, bringebæra – og også nypotetane, fekk bein å gå på, nydeleg tillaga som dei var av Martin Nysæther med små hjelparar. Til glede for både fastbuande og turistar.