Kristen idrettskontakt  opna  den internasjonale helga på Fitjar med å invitera til Japansk Krik i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag kveld.

Krik-kvelden starta på tradisjonelt vis med ein times tid med idrettsaktivitetar i idrettshallen og andakt i foajeen, før fokuset vart satt på Japan. 

Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu, som sjølv kjem frå Japan, hadde invitert Fitjar karate senter til å vere med på Krik for at krikarane på Fitjar skulle få prøva seg på kampsporten med opphav frå Japan. Karate tyder tom hand, og syner til at ein kjempar utan våpen. Sjølv om karate kan bli beskreven som ein kampkunst er det så absolutt ein idrett som krev stor styrke, god balanse, teknikk og uthald og rask reaksjonevne. Suchwinder Koløen som er hovudinstruktør i Fitjar karatesenter la først og fremst vekt på sjølvforsvar i den timen han hadde til rådvelde med ungdomane i idrettshallen. 

Omkring 30 ungdomar var modige nok til å hiva seg med på treninga. Dei fekk presentert, og fekk øvd seg på slag, spark, blokkeringsteknikkar og andre lure knep ein kan nytta om ein skulle bli angrepen og måtta forsvara seg. Ungdomane syntes det var kjekt og lærerikt og ville gjerne ha endå fleire sjølvforsvarstips. Trenaren, som er lidenskapeleg oppteken av karate, håpar det dei lærte kan hjelpa dei om dei kjem opp i ein situasjon der dei vert trua og overfalt. Og så håpar han at den litle smakebeten dei fekk denne kvelden får nokon av dei til å vilja ta del i karatentreningane dei har på Øvrebygda skule kvar veke.

Etter ein times hard trening smakte det godt med japansk karri-gryte, samt bilete frå Japan på storskjermen. Gryteretten hadde Nobu sjølv laga, med god hjelp av nokre konfirmantar og nokre konfirmantmødre. Bileta var det og kyrkjelydspresten sjølv som hadde teke.

Det var tydeleg at ikkje berre den japanske treningsforma men og den japanke karrigryta, fall i smak hos ungdomane.  Sjølv om dette var ein rett med betydeleg meir smak enn det fitjarungdomane er vane med syntes dei det var eit svært godt alternativ til den tradisjonelle Grandiosa-pizzaen som  dei brukar å ete på KRIK. Som ei av jentene så smilande sa: Karrigryte er det beste eg veit! Med andre ord; ein svært vellukka kveld.

Ynskjer du å bli meir kjend med FItjar karatesenter kan du besøkja heimesida deira  her

Krik Fitjar er ein del av KRIK Hordaland og deira heimeside kan du besøkje her.