Songarar og musikarar fekk verkeleg synt fram litt av det dei kan under Festivaljammen i Kultursalen som starta kl 22.00 og fortsette til kl 02.00 i natt. 

Festivalenjammen var ikkje som ein vanleg konsert. Ein var benka rundt småbord, det var servering, folk kom til og frå, nokre stod, andre sat, nokon dansa og det var akseptert at ein prata midt under framføringane. Lyden på musikken var likevel høg nok til at ein lett fekk med seg både songen og musikken.

Dei fleste musikarane fekk ein halv time kvar. Dermed kunne dei syne fram eit mykje breiare repertoar av det dei stod for. Det var både avstressande og spennande for musikarane, og me vil tru for publikum òg. Stemninga var i alle fall god, og det vart mykje folk til stades etter kvart. 

Om ikkje all musikken var «vår» musikk, var me jamnt over imponert over både musikarar og songarar. 

Det starta med Breibandet Big Band. Rett nok mangla dei nokre trombonar, men det merkast lite. Det fekk det skikkeleg til å svinga med deilig laid back-musikk ikledd tette klangar og nydeleg framføring. 

Fitjargutane var neste. Eit hyggjeleg gjensyn. Og karane som ikkje akkurat er gutar lenger synte at framleis kan sine ting.

Det gjorde òg Revivals. Ein annan stil, men godt spelt, og dei trefte tydelegvis publikum heime dei òg. I dei siste nummera hadde dei med seg Marthe Torland som gjestesolist. Ho kom greitt i frå oppgåva, og spesielt godt likte me hennar versjon av «I`ve never seen the rain.»

Orgelfall var eit nytt «bekjentskap». Dei har medlemer frå fleire kommunar i Sunnhordland, og vart nyleg sunnhordlandsmeistrar i pop/rock. Songen deira «Sledgehammer» var det då òg skikkeleg trøkk i.

Før me måtte kasta inn handkleet og gå heim etter å ha stått på heile dagen, fekk me med oss Bjørn Helland som klarte seg godt med gitar og litt medlyd frå MP3.

Dei me ikkje fekk med oss var Toradartuppene, Bølgjeblikkbandet og Yearstones. Gode musikarar er det der òg, og me tvilar ikkje på at dei kom godt i frå framføringane sine.