Torhild Andersen ved Rimbareid skule har teke kontakt med fitjarposten.no om attgløymde kle på skulen.

– Det ligg svært mange gode kle igjen etter skuleåret. Eg vonar difor at folk vil kome oppom denne veka, om dei vil sjå om nokon plagg kan tilhøyra dei, seier ho.