Fitjarrussen sin revy «Riv Rus(s)kande Traktor var på det jamne totalt sett, men gode enkeltinnslag heva inntrykket. Ei av dei som stråla var songaren Edith Helland. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Innslaget om asylbarnsaka var òg svært bra. Ein skikkeleg tekst og gode etterlikningar av kjende politikarar, synest me. Ein del av lærarparodiane og parodien av rektor var òg svært treffande. Like eins etterlikninga av kjendiskokk Eivind Helstrøm.

Aurora, Marita, Andrea, Herborg og Sønneva i «Asylbarnsaka». Foto: Håkon C. Hartvedt

 Eivind Helstrøm, godt spelt av Olav, vitjar Fitjar vgs. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei små mellomspela til Hilde og Irene likte me godt, like eins sketsjen om gymtimen, Fitjar got talent og Fitjarnytt. Danseinnslaga var av noko ulik kvalitet, men til tider var dei svært bra.

Frå eit av danseinnslaga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Alt i alt skal russen ha ros for ein variert revy som varte over ein time. Ein time som gjekk fort, noko som brukar å vere eit godt teikn på at ein ikkje kjedar seg.

Fellessongen «Pinne for landet» i byrjinga og til slutt, der alle var med, ramma inn det heile på ein god måte. Foto: Håkon C. Hartvedt

At overskotet av revyen går til Krafttak mot kreft er strålande.