Fitjarbuen ser ut til å like basarar.

Det må bli konklusjonen med tanke på alle messer og utlodningar som er faste kvart år, og fordi det kjem inn store summar til nyttige formål. Rett før påske har det atter toppa seg. Me har lese fleire trekkingslister i media og nye kjem om nokre dagar. I dag tek me med små glimt frå Øvrebygda og Stranda.

Tysdagsklubben hadde basar førre veke. Litt over 20.000 kroner vart resultatet. Pengane går til Søndagsskuleforbundet og misjonsprosjekt i India og Thailand. Naturleg nok var mange av gevinstane høvelege for små og store born. Borna som går i Tysdagsklubben deltok med flott song.

Det spesielle med basarar i Øvrebygda er auksjon av lefser og anna bakverk. Ei pakke med ti lefser kan fort kome opp i 200 kr. Me er heldige som har fleire bakstekoner her i grenda. Elles er det åresal og sal av lodd på bok. Gratis mat og kaffe høyrer og med, og då får folk høve til ein god prat med kvarandre. Bedehusbasaren i ettermiddag samla fullt hus. Nina Aarbø Olsen heldt andakt der ho understreka at Gud er vår beste ven, og det gjorde ho på ein kreativ måte. Innkoma på basaren på palmelaurdag går til vedlikehald og drift av bedehuset, og resultatet var flott, kanskje litt over 30.000 kroner.

På Stranda var det fullt hus i år òg.

Gevinstane var som vanleg ei fin blanding av nydeleg handarbeid og innkjøpte ting. Tre rundar med åresal og trekking på hovudbok skaffa mange nye tusenlappar til misjonen. Sjølv om «halve Strandagrenda» var til stades  på basaren, såg me òg folk frå andre krinsar. Festen var greitt leia av Tordis Eide.  Audun Arthur Mehammer spela til songane, og det var tale og song av Håkon C. Hartvedt.