Arnhild Grimseid fra Romaniahjelpen Vestlandet gjesta laurdag Fitjar og Stord for innsamling av klede til Romania. Og det vart etterkvart mange sekkjer i bilen.

Lastebilen stod først på Heiane frå klokka 12-15, så på Fitjar frå klokka 16-18, og til saman vart det rundt 150 sekkjer med klede til sårt trengjande i Romania.

Arnhild Grimseid jobba tidlegare i ein annan hjelpeorganisasjon, men opplevde at ikkje alt var som det skulle vera der. Då starta ho sjølv opp med innsamling, og no er ho omtrent  to gongar i året i Romania med hjelpesending. -Men me er nede med trailar nede fire gongar i året. Eg er berre ikkje med kvar gong, legg ho til.

Akkurat no jobbar Romaniahjelpen Vestlandet spesielt for Isai, ein svært liten og fattig landsby i Nord-Romania. Her lever folk under særskilt kummerlege forhold, og maten mange får er den dei finn i boskontainarane. -Då me kom ned i mai i fjor, sprong ungane rundt utan klede. Men etter at me hadde funne fram plagg som passa til dei, sprong dei rundt hushjørnet, og kom smilande tilbake med kleda på, smiler Grimseid.

På Stord har ho fått hjelp, både no og tidlegare, av Paul Dag Nordhus i Stord varetaxi. Han stiller med lastebil og køyrer hjelpesendinga frå Stord til Bergen, der ein lastar opp trailaren som skal sørover i slutten av månaden.

-Det har vore stor velvilje for saka. Både på Stord og Fitjar, smiler Arnhild Grimseid, som nemner spesielt ei fitjardame som laurdag stakk 1000 kroner i neven hennar, til saka. 

prise de masse musculaire rapide anabolisant