MX-sport i Fitjar arrangerte "Fotballens dag" med triksing, skyting og salstelt på Rådgusplassen i Fitjar sentrum i går. Om nordvesten var bitande kald, varma talenta.

Gøy hadde dei det og, ungane som fekk skyte på mål, inndelt i felt med grøne snorar.  Med treff " i kryssen" kunne ein få ti poeng.

Best i skytekonkurransen vart Tone Brakedal mellom jentene med 22 poeng, og beste gut vart Lars Waage som fekk 25 poeng. Gevinsten til  vinnarane var ein stor Umbro-bag og ein fotball.

I triksekonkurransen gjekk Emil Selsvold til topps med 48, medan Camilla Volden var best med 6 i jenteklassen.

Artig var det òg med salsboden ute, slikt skapar liv og røre i sentrum. Og bra med folk hadde trossa også vinden, og møtt opp.

Vidare fekk alle born, som møtte opp i fotballdrakta til Fitjar Idrettslag, gratis drikkeflaske. Det var det 44 som gjorde.