Klasse 5a og 5b ved Rimbareid skule framførde teaterstykket Dyrene i Hakkebakkeskogen for ein fullsett gymnastikksal torsdag ettermiddag. Som vanleg ved slike skuleframsyningar vart publikum satt ut av kor flinke elevane var.

Etter veker med øving og fire intense dagar, som stort sett ikkje har handla om anna enn Hakkebakke-dyr og peparkakebaking, var gjengen i femte klasse klar for premiere. Dei må ha øvd godt og kjend seg trygge på rollene og oppgåvene sine for det var lite nervar å merka i garderoben under sminkeseansen ein times tid før framsyning.

Slekt og vener strøymde til og fylte raskt mest kvar ein stol som var satt fram. Benken heilt framme ved scenekanten var full av spente småsøsken og medelevar frå andre klassetrinn.  Då lyset vart slått av og musikarane Ole Rimmereid Rørvik, Marte Rimmereid, Kari Lambach Fitjar og Rea Mitrovic slo an tonen med eit potpurri av melodiar frå Hakkebakkeskogen vart det heilt stilt i salen. Med Marcus Tranøy Opshaug som ansvarleg for lyd og lys og Jon Andreas Aga Hopperstad og Matias Olsen Malkenes som scenearbeidarar var alle dei rette rekvisittane og kulissane på plass til ei kvar tid og alle i salen både såg og høyrde godt.

Gjennom framsyninga fekk me møta mange av dei kjende dyra frå Hakkebakkeskogen, alle som levande og truverdige figurar. Det var mange flinke songarar og mange skodespelar-talent i aksjon på scenen.

Lena S. Tislevoll som klatremus song ein nydeleg godnattsong for reven Arild Fitjar Waage, flott og stødig akkompagnert på gitar av Torstein R. Kjelling.

Harepusen Jacob Mehammer og bakarguten Svein Arne Raunholm som ringde 1881 for å sjekka peparkakeoppskrifta var ikkje berre flinke skodespelarar og songarar, dei fekk og salen til å le. Dei klarde og å lura reven Marius Helland Storebø til å tru at peparkaker ein har stole smakar surt medan peparkaker ein har kjøpt smakar godt.

Markus K. Vik fekk og folk til å trekka på smilebandet der han som Brumlemann koste seg både med å verta vaska bak øyrene av Bjørnemor Marie B. Langeland og å verta omringa av dei dansande ekornungane Stina Vik, Shayenne Berntsen, Stine Volden, Amalie Henriksen og Siri Helle.

Ei søt, syngande Frida H. Kjerland kom flygande inn som bestemor skogmus med sin rosa paraply. Ho klarde akkurat å unngå å verta eten opp av piggsvinet Jonathan Tranøy og kunne dala ned framfor huset til Morten Skogmus i Markus H. Tislevoll sin skikkelse.

I koret fann ein både dei syngande trea Anette S. Drønen, Ørjan Larsen og Brede O. Hovland, dei syngande musene Martin E. Nilsen, Sander H. Nesbø og Fredrik Vik og harane Morten Vedå Ivarsøy og Alva B. Stegane. Eit flott kor som høyrdes godt.

Mange undra seg på kven som gøymde seg under kostymet til ugla som heile tida hadde eit overblikk over alt som skjedde i skogen. Dei som studerte programmet såg at det var Marius H. Strand som hadde den rolla. Like ugjennkjenneleg var Kråkeper med det lange nebbet, spelt av Kristian Prestbø.

Forteljarane Jonas Aleksandersen og Damian Marszalek, med flotte bartar, sørgde for at framsyninga hang saman. Både forteljarane og dei andre kunne alle replikkane utanåt, og det såg ikkje ut til at nokon trong hjelp av instruktør og sufflør Ane Synnøv H. Olsen under premieren.

Framsyninga vart avlsutta med bamsefar sin fødselsdag. Børge Skaar som elgen var ein av mange dyr som song for den snille bamsen som alle var så glad i, og før festen var over hadde bamsefar Håkon Sørfonn sovna. Men han sov ikkje djupare enn at han fekk med seg applausen og deltok på ekstranummeret som publikumsresponsen krevde, før foreldrekontaktane inviterte elevar, lærarar, assistentar og foreldre til premierefest og delte ut velfortente blomar til alle som hadde bidrege under framsyninga.