Det var mange fine tonar å høyra, og spennande aktørar å møta, under kulturskulen sin foajekonsert i Fitjar kultur og idrettsbygg torsdag ettermiddag.

I det lyset vart sløkt på biblioteket ynskte kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen velkomen til nok ein foajekonsert. Ein stor flokk med tilhøyrar med tårevåte auger, øyrer på stilker og fotoapparat eller filmkamera klart fekk servert ein flott konsert med stor variasjon. Iselin Rimmereid sette an tonen med si stødige framføring av Bjørnen sover på piano. Piano-elevane var som vanleg i overvekt og sette eit fint preg på konserten. Sofie Rimmereid som den yngste framførde Lisa gikk til skolen i samspel med pianolærar Orlaug K. Evensen. Sandra Pedersen hadde ei fin framføring av Gå på by’n, Rea Mitrovic fekk oss til å sjå stjerner med sin taktfaste Blinke, blinke og Endre Torkelsen såg ut til å storkosa seg på pianokrakken under si fine framføring av den franske melodien Askepott. June Rimmereid fekk oss til å ynskja me kunne synga med då ho så sikkert framførde Egil Hovland si kjende salme Måne og sol. Marte Rimmereid, Miriam Træet og Guro Rimmereid stod for dansemusikk i ulike sjangrar, og Kristine Meling Underhaug spelte den nydelege Til Ludvig av Anita Skorgan. Men den som verkeleg fekk det til å svinga denne kvelden var 3. klassingen Alice Rose Mehammer med si spenstige framføring av Oh, when the saints, med spennande temposkifte og full kontroll.

Gitarelev Susanne Vestbøstad klarer seg godt på eiga hand på scenen, både når det gjeld å synga og å spela, men den hjelpa ho fekk av Emilie Haukeland og gitarlærar Miroslav Mintcev skapte ekstra spenning i Torskevisa av Torbjørn Egner. Susanne Dare Tøkje var stødig som alltid og song Heaven av B. Adams akkompagnert av seg sjølv på gitar.

Ingrid Bergesen tok oss med til 80-talet og Fame med si framføring av Out here on my own, i kjend og trygg Ingrid-stil. Marie Moldestad Oma har ei flott altstemme. Med stadig større frimod på scenen og større volum på stemma leverte ho ei svært fin framføring av Melt my heart to stone. Erika W. Reigstad har mange gonger vorte nemd som eit ekstraordinært talent, og me vert nok ein gong gripen av hennar naturlege og vakre stemme i framføringa av balladen In love with an angel. Men verkeleg fraus på ryggen det gjorde me ikkje før einaste hane i songkorga, Morten Korsvik, tok mikrofonen. Han vart lagt merke til først og fremst for si kraftige stemma med stort spekter og sitt frimodet på scena. Her var heilt tydeleg ein artist på veg til å få god kontakt med publikum. På trass av sin unge alder hadde Morten flott kraft på sjølv dei djupaste og dei høgaste tonane i Halleluja av L. Cohen.

Fløyteelevane er og i god utvikling, og me fekk høyra både 4. klassingen Helene Eiken, 7. klassingen John Kevin Sandvik og til slutt 8. klassingen Ingvild Prestbø, alle med stødige og flotte framføringar.

Inga utvikling gjere seg av seg sjølv. Det ligg mykje øving bak, og ein god porsjon mot for å framføra det ein har øvd på, så den litle sjokoladen kvar einskild utøvar fekk utdelt etter konserten var vel fortent. Det er ei fryd å ta del i utviklinga til kulturskule-elevane og musikktimen i foajeen bestod av eit stort knippe med lyspunkt på ein elles regnfull og trist torsdag ettermiddag.

Neste veke er det vinterferie på skulen og då tek og kulturskulen ferie.