Veteranbilutstillinga framfor Rådhuset synte at det er mange i området som har flotte veteranbilar. Eldst, og kanskje mest spennande, var nok Harald Johan Sandvik sin Studebaker frå 1931.

Ein attraksjon er óg Magnar Torland sin «Helgenen»-bil, ein Volvo P1800S frå 1964. Kvardagssyn er det heller ikkje å sjå ein Oldsmobile frå 1950 og ein De Soto frå 1949. Begge desse, som var å sjå på laurdag, hadde eigarar frå Austevoll.

Då har me likevel berre nemnt nokre få. Det var mange fleire. Her eit lite knippe av dei mange.

Søndag var det kortesje til Årskog, med Studebakaren i front. Mange nytta høvet til å både få seg ein veteranbiltur til Årskog og omvising på muséet.