Men i desse dagar er det grunn til å passe seg. På glatt og ujevnt underlag er det fort å dette.

Vervarslinga melder om regnbyer dei næraste dagane. Snøen vil nok forsvinne, men det er framleis glatt der snøen er trakka ned og har blitt til is. I går fekk me prøvd oss på fleire slike stader. Men det finnes ofte gode råd. Den som festar broddar under skoa, går trygt på islagt underlag, og mange stader blir det strødd med sand eller grovt salt. Likevel høyrer me om fall på isen og beinbrot av eitt eller anna slag.