Det høvde godt på Søndagsskulens dag.

Små og store frå alle krinsane i Fitjar var samla i kyrkja i dag. Sokneprest Olav Oma var liturg og  formidla dagens tekst på ein forståeleg måte. Han oppfordra til å lære og bruke tollarbøna: Gud ver meg syndar nådig. Gutar og jenter deltok med tekstlesing og song, og ikkje minst musikk, for skulekorpset var på plass med speling, både inne og i prosesjon opp til bedehuset.

Karen Elisabet Rydland Sæbø orienterte om opplegg for klubb eller søndagsskule på bedehusa rundt om i bygda, og alle born er velkomne der det måtte passe å møte opp.

Den nytilsette kyrkjelyds-pedagogen, Silje Farstad Fyllingen, vart presentert for kyrkjelyden. Ho skal mellom anna arbeide med dåpsopplæringsplan.

Etter gudstenesta var det mange kjekke aktivitetar for borna. Dei vaksne kunne nyte ein kopp kaffi og kake medan leiken føregjekk, og sjølvsagt vart det tid til ein matbit for ungane og. Pølse med brød er alltid populært.

Søndagsskuleleiarane pusta nok letta ut då arrangementet gjekk av stabelen utan ein einaste regndrope.