Balansetrening.

Fitjar kulturskule sitt nysirkusprosjekt har gitt bygda vår mange nye, unge sjonglørar.

Det var kulturskuleelevane som går i 5., 6., 7. og 8. klasse som denne veka fekk bytta ut si vanlege undervising med eit prosjekt i Nysirkus. Nysirkus betyr sirkus utan dyr, og handlar mellom anna om sjonglering.

To instruktørar frå sjongleringsgruppa FLAKS var leigd inn for å lærar elevane litt om sjonglering med ballar, diabolo og flowerstikcs. 31 ungar stilte spente opp i gymsalen på Rimbareid skule og saug til seg lærdomen. Instruktørane var flinke og elevane vart mektig imponerte. Som ein av ungane sa: «Wow, dei skulle vore med i Norske talenter, då hadde dei heilt sikkert vunne!»

Det var satt av vel 3 timar til kurset. Elevane var svært ivrige og lærevillige, og vanskelege å be om å ta pause. Alle, inkudert og kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen, var svært nøgde med stunda i gymnastikksalen,  og fleire håpar at sjongleringsgutane kjem tilbake ein annan gong og lærer dei fleire triks.

Edit Helland som går i 8. klasse og som til vanleg spelar kornett i skulekorpset syntes dette var eit kjekt avbrekk til kornettundervisinga. Ho og venninnene Ingvild M. Oma og Aslaug Ottestad likte best å sjonglera med flowerstikc, og då dei på slutten av kurset synte medelevane og instruktørane ein «rutine»  dei hadde satt saman fekk dei god tilbakemelding og applaus. Dei hadde til og med funne på noko instruktørane aldri hadde sett før.

Då eg spurde nokre av dei lokale gitarkameratane på veg ut om korleis dette hadde vore utbrautt dei raskt at det hadde vore kjempe kjekt, og Thomas O. Korneliussen som på grunn av gips på foten måtte gjera alle øvingane sittande sa med stjerner i blikket: «Det var heilt fantastisk!»

Balansetrening.
Diabolo-trening.
Diabolo-trening.
Flowersticks-trening.
Flowersticks-trening.
Instruktørane frå FLAKS syner rutiner med ballar.
Instruktørane frå FLAKS syner rutiner med ballar.
Ein glad gjeng saman med instruktørane Anders Meland og Torbjørn Sunde etter endt kurs.
Ein glad gjeng saman med instruktørane Anders Meland og Torbjørn Sunde etter endt kurs.