Fire lokale handballag var i aksjon i idrettshallen i dag, og måtte tola til saman 65 baklengsmål. Men når det er sagt, så må det leggjast til at dei møtte svært sterk motstand.

Først ute var jentene i 12-årsklassen. Dei låg likt 3-3 ved pause mot Bømlo, og hadde sjansar nok til å vinna kampen, men måtte tola 5-7 til slutt. Dei individuelle prestasjonane var ofte bra, men det manglar noko på lagspel og rørslemønster. Med litt mindre «ego» og litt meir auge for kvarandre bør desse jentene klara seg bra.

For gutelaget i 14-årsklassen blei det ein svært tøff dag. Dette er eit lovande lag som har gledd Fitjar-publikummet med mange gode kampar. I dag tok dei leiinga 1-0 mot Sotra 2, men derfrå og inn blei det etter kvart veldig vanskeleg. Gutane kjempa godt og viste mange fine enkeltprestasjonar, men motstandarane Sotra 2 viste seg som eit svært godt lag. 5-24 var likevel i meste laget, men me ser potensialet til eit bra lag hos desse 13-14-åringane.

Jentene i 14-årsklassen fekk besøk av toarlaget til Bergens-klubben Løv-Ham. Det viste seg snart at det skulle bli svært så vanskeleg. Dei måtte nøya seg med tre mål totalt, av Ida Fitjar og Rea Mirtovic, medan gjestene var svært så ubeskjedne, med heile 18 mål. Når sant skal seiast, var motstanden altfor god, men med meir rørsle og samspel kunne det gått litt betre.

Også gutane i 11-årsklassen møtte tøff motstand, mot toarlaget til den kjende Bergens-klubben Årstad. Heile 16 mål måtte dei plukka ut av nettmaskene.

Etter ein dag med mange baklengsmål ser me at dette ikkje tar motet frå verken spelarar eller leiarar. Me har følgt med på gutar 14 ei stund, og ser at det nyttar å jobba sjølv i motgang. Dette laget gir sjeldan opp, men prøver å spela handball til sluttsignalet går. Me håper dei held fram med det, og at dei andre ser at det nyttar å kjempa, og følgjer etter.