Småjentene til Fitjar spelar 11-arfotball i år, og fekk mykje å stri med i serieopninga mot Stord søndag ettermiddag.

Fitjar-jentene heldt bra følgje til det var om lag 10 minutt att av 1. omgang. Etter at Stord hadde gått opp til 1-0 tidleg i kampen, gjekk det ikkje mange minutt før Fitjar kvitterte. Tone Brakedal gjekk gjennom Stord-forsvaret og scora sikkert. Utover i omgangen var Fitjar-jentene på hugget, og spela jamt med motstandarane sine, sjølv om Stord gjekk opp til 2-1 og 3-1. Etter 25 minutt scora Tone Brakedal eit nytt fint mål, og me såg for oss ein jamn kamp. Men dei siste 10 minuttane av omgangen scora Stord tre mål, og dermed var kampen avgjort.

I andre omgang blei det lenger mellom lyspunkta, sjølv om me såg tilløp til fint spel. Stord hadde veldig mange sjansar, og scora på fem av dei, slik at sluttresultatet blei heile 11-2 til Stord. Om siffera ser noko stygge ut, er det tydeleg at spelarane har gjort framskritt i løpet av vinteren. Fleire av dei liker å ha meir plass å springa på, og vil nok få vidare framgang når heile laget etter kvart blir meir vant med 11-arfotball.

Fitjar stilte med dette laget:
Ida S. Fitjar, Lisa Volden, Helga J. Raunholm, Linn Katrin Tufteland Gloppen, Monica Helland, Susanne T. Aarbø, Sofie Helland, Ingrid Skår Bergesen, Martine T. Stokken, Maria Nesbjørg, Vilde Raunholm Kjelling, Tone Brakedal, Thea Vestbøstad, Kine M. Sørfonn og Harriet V. Stadheim.