Både på Fitjar bedehus og mange andre stader ligg det mange attgløymde ting. Av og til skjer og det motsette, at nokon tek med seg heim noko som ikkje er deira.

Sist veke hadde Bakken barnehage ein kjekk vennskapsfest på bedehuset med mykje folk. Då ei av mødrene som hadde vore med å rydda og vaska etterpå skulle heim, stod ikkje dei raude støvlane hennar i garderoben der ho hadde sett dei frå seg. No håpar ho at ho via Fitjarposten kanskje kan få tilbake dei raude støvlane sine av merket Nokian, med kvit kant oppe og nede. Er du den som uforvarent har eit par ekstra støvlar heime, kan du nå eigaren på tlf. 924 22 823 eller du kan levera dei i Bakken barnehage, eller rett og slett setja dei attende på bedehuset.

Det ligg og mange attgløymde ting på bedehuset, mange flotte klesplagg som saknar eigaren sin, slik som den fine, nesten nye blå Skogstadjakka i størrelse 10 år. Det er elles ein heil kasse med jakkar, eit stort lass med paraplyar, mange capsar og sjal. Trur du at noko av dette er ditt, kan du ta kontakt med nokon som har nøkkel til huset, eller møta opp på eit arrangement, som f.eks. Me syng jula inn førstkomande søndag, for då er dørene opne.

Mengda av attgløymde ting på bedehuset er likevel berre småtteri samanlikna med alt som eigarane går ifrå i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her ligg det sekk på sekk fulle av treningstøy og andre ting folk har gløymt. Her kan ein f.eks. ta kontakt på dagtid med dei som vaskar på huset om ein saknar noko.

På årsmøtet i foreldrerådet ved Rimbareid skule i oktober informerte rektor om at dei har mange eigarlause ting liggjande på kontoret på skulen, slik som flotte mobilar, smykke, klokker m.m. Saknar du noko som du trur kan liggja på skulen, er det berre til å ta kontakt med administrasjonen eller stikka innom ein dag. På skulen er det og mange attgløymde klesplagg av ulike slag.

Tar du deg nokre minuttar ein dag med sprittusj eller merkelappar og får namn og telefonnummer på det du eig, og då særleg yttertøy, er det større sjanse for at du får dei attende om du gløymer dei ein stad.