Bålkos og passiar på Porsholmen.

Med eit sjeldan stabilt vær kombinert med fridagar, vert det gjerne høve til opplevingar ein elles ikkje får til. Denne gongen ville me på måneskinstur til Porsholmen – i kajakk.

Skal ein padle vintersdagen stiller det endå strengare krav til tryggleiken enn elles. Sjøtemperaturen er no på 6-7 grader, og lufttemperaturen er langt lågare enn på andre tider av året. Om ein i tillegg skal ut om natta, må ein ta omsyn til at ein blir sett av andre som ferdast på sjøen og halde god kontakt med padlekollegaer .

Med alt dette under kontroll, legg me i veg for å sjå om me kan navigere fram til Porsholmen i tussmørket. Gradestokken står og ristar på minus 9 eit par timar før midnatt den andre dagen i det nye året.  Opplevinga av å padle ei kald vinternatt i måneskin er magisk. Det er ”svartastidla” så einaste lydane me høyrer er slupsinga av våre eigen årer. Landskuggane gjer at holmar og skjær ser annleis ut i mørket enn elles, og med kajakken som berre stikk nokre cm under vassyta kan ein gjere spennande ruteval.

Det vert altså strandhogg på Porsholmen, i den karakteristiske ”baien” på nordvestsida. Niste, julegodt og kaffi bidreg til ein munter passiar rundt bålet.

Ingen skal sei at det er ein varm aktivitet å drive vinterpadling, men me har våre metodar så alle kjem beinheile heim godt over midnatt etter ein tur i alle høve me sju som var med syntest var heilt fantastisk.

Bålkos og passiar på Porsholmen.

Kaffi på medbrakt tyrikubbe.
Kaffi på medbrakt tyrikubbe.

Kjetil Hjelle og Finn Evan Pedersen.
Kjetil Hjelle og Finn Evan Pedersen.

Britt Mari Olsen sin båt ser ut til å fryse.
Britt Mari Olsen sin båt ser ut til å fryse.