Å finna fram til månadens post, har blitt populært blant orienteringsløparar og andre turfolk, ser det ut for.

Månadens turorienteringspost for mars og april var plassert ved Skutesmogsåsane, midt mellom Svartasmogvegen og Sælevik, og sjølv om våren let venta på seg og turvêret ikkje har vore det beste, var det 44 namn i boka på post 46. O-gruppa har trekt ut Elisabeth Livastøl Aga som vinnar, og ho vil få eit kompass i premie.

Familien Livastøl Aga var ein av familiane som trassa det sure vêret på søndag, og deltok i Finn fram-dagen som o-gruppa arrangerte til Skutesmogsåsane. Her kunne ein m.a. stikke innom månadens post, og langs skogsvegen var det hengt opp spørsmål som skulle svarast på. Det vart premie til borna då turen inn på 1,5 km var fullført, og der var òg grillen klar med gratis pølser. I tillegg kunne ein delta i ei o-løype og springe  slalåmløype mellom trea m.m.

9. juni prøver o-gruppa med ny Finn fram-dag, og turen går då til Tveitafossen. Månadens post for mai og juni er no på plass ved post 28. Denne ligg like over Tveitafossen, og det er framleis mogleg å kjøpe turorienterings-posen hos MX Sport eller på Videoen. Besøker ein posten fleire gonger, vil òg vinnarsjansane auke.