Asbjørn er førstemann ut i Fitjarposten sin presentasjon av kulturskuleelevar i Fitjar. Foto: Rune Nesse

Ikkje nok med at han spelar i både Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag. Asbjørn Jordan Raunholm er også med i eit band som øvar via nettet.

Av: Rune Nesse

Fitjar kulturskule har teke intiativ til å syna fram eit utval av kulturskuleelevane i Fitjar kommune.

Asbjørn Jordan Raunholm er førstemann ut. Han går i 10. klasse på Rimbareid skule og spelar trommer.

– Kor lenge har du gått i kulturskulen, Og kva aktivitet går du på?

– Eg har gått i kulturskulen i tre år no, og eg spelar slagverk.

– Kva lærer du i kulturskulen?

– Eg lærer masse om musikk og om å spele trommer. Me har jobba ein del med å lese notar, som er nyttig i mange situasjonar når ein driv med musikk. Eg har fått læra fleire ulike musikkstilar og rytmar innafor desse. Eg får og innføring i å bruke ulike teknikkar på instrumentet.

I tillegg, får eg anledning til å spele saman med andre, og det er veldig lærerikt.

– Kva er det kjekkaste du har gjort i kulturskulen?

– Det kjekkaste må vera å oppleve at eg utviklar meg og blir flinkare på trommer. Samspel er og veldig kjekt.

– Får du brukt ferdigheitane du lærer i andre samanhengar enn kulturskulen?

– Ja, eg spelar i Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag. Der har eg god nytte av det eg lærer i kulturskulen. På skulen har me og musikkprosjekt og musikkundervisning, og kunnskapane eg har med meg frå kulturskulen kjem godt til nytte her.

Er er og i ferd i med å starte band over internett saman med ein bassist som bur i nord norge og ein gitarist i USA. Me sender musikken via nettet, speler inn vårt eige instrument oppå dette, som seinere vert sett saman i studio av bassisten. Det blir spanande å høyre det endelege resultatet av dette

– Kor ofte øver du på trommene?

– Eg øver ca annakvar dag. Det blir kanskje 2 timar kvar gong, så omtrent ein time kvar dag i gjennomsnitt.

– Kva gjer du på utenom musikkaktivitetane?

– Mykje ulikt. Eg er med i Fitjar skyttarlag, og hjelper til med gårdsdrift. Det går veldig fint å kombinere med musikken.

– Vil du anbefale kulturskulen til andre unge? 

– JA! Kulturskulen er kjekt sosialt, og me får god opplæring i aktivitetane me velger. Det er absolutt noko som er verd å prøve om du er nysgjerrig på korleis det er å spele eit instrument. Eller om du liker å danse eller teikne, så finst det tilbod for det og.