Einar Auestad spelar gitar i Fitjar kulturskule. Foto: Bastian Veland

Einar Auestad (12) spelar gitar i kulturskulen i Fitjar. I dette intervjuet fortel han om korleis han likar seg.

Av: Bastian Veland

Kven er du, kor gamal er du og kva driv du med i kulturskulen?

Eg heiter Einar Auestad, eg er 12 år, og eg speler gitar i kulturskulen.

Kor lenge har du vore kultuskuleelev?

Eg er litt usikker, trur eg byrja på gitar i tredje klasse (han har hatt både Knut og Jonas før eg starta her), men eg gjekk òg på trommer før det, frå andre klasse eller noko.

Kva lærer du på kulturskulen?

Eg lærer sjølvsagt å spele gitar: akkordar, skalaar, teknikkar, notar, musikkteori, lærer å spele songar, lage songar. Har òg lært å bli tryggare på meg sjølv i samband med framføringar og konsertar.

Kva er det kjekkaste du har gjort i kulturskulen?

Eg synast det er veldig kjekt å spele konsertar og å kjenne meistring etter konsertane. Eg likte spesielt godt å spele på julekonsert! Eg synast òg det var veldig gøy å lage og spele inn ein eigen song.

Får du nytta det du lærer her andre stadar?

Ja, eg går på ein del møter der eg speler gitar, og no i helga spelte og song eg i ein konfirmasjon. Eg skal òg delta i eit julespel, kanskje eg får spele gitar der? Får òg nytta kunnskapen i musikktimen på skulen, og det blir det jo kanskje endå meir av på ungdomsskulen.

Kor ofte øver du på instrumentet ditt?

Eg er med på ganske mange fritidsaktivitetar, speler mellom anna i korps som eg øver med to dagar i veka, i tillegg er eg på fotballtrening to dagar i veka, og med mykje lekser i tillegg, så varierer det litt frå veke til veke kor mykje eg øver på dei ulike instrumenta. I tillegg går det jo òg nokre helger med til korpset, så det blir til saman ganske mykje øving. I tillegg likar eg å berre sette meg ned med gitaren og improvisere og berre spele på gøy.

Vil du anbefale andre å byrje i kultuskulen?

Ja, det er veldig kjekt å lære å spele noko, og eg har mange venner som går i kulturskulen!

Kva anna driv du med når du ikkje speler gitar?

Som nemnd speler eg fotball og eg speler i korps, og brukar mykje tid på det. Elles driv eg litt med gaming på PC, speler gjerne Minecraft, og likar å spele saman med venner. Er òg veldig interessert i fly, og har ein del utstyr til flysimulator!