Norsk Målungdom auka medlemstalet i 2013, for andre året på rad. No siktar målungdomane mot vidare vekst i 2014.

– Stadig fleire ungdomar vil vere med på å skape og fremje god språkpolitikk, smiler Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom (NMU). Han gler seg over at organisasjonen har klart å byggje vidare på den store medlemsauken frå året før. Det seier Norsk Målungdom i ei pressemelding, og fortset:

– Ungdomsorganisasjonar har av naturlege, aldersmessige grunnar relativt stort gjennomtrekk av medlemer. Vi er difor godt nøgde med ikkje berre å ha gjenskapt, men jamvel forbetra det gode medlemstalet frå 2012, seier Sture.

Etter den revisjonsførebuande gjennomgangen av medlemslister og kontingentbetalingar, landa fjorårets medlemstal på 1053 betalande medlemer under 26 år. Det totale medlemstalet, om ein tel med dei over 26, er 1333. Det utgjer ein auke på drygt 4 % frå 2012.

– Norsk Målungdom med dette etablert seg på nytt som ein ungdomsorganisasjon med firesifra medlemstal. Det gjev oss meir styrke i arbeidet med å fremje nynorsken og språkmangfaldet, avsluttar Sture.