Verken Fitjar eller gjestene frå Vadmyra greidde å scora i dagens seriekamp i 5. divisjon.

A-laget hadde nok eit lite overtak, spesielt i første omgang i kampen mot Vadmyra 2. Dei unge Fitjar-gutane var lettare på foten enn dei litt meir stasjonære gutane frå toarlaget til Vadmyra. Derfor rekna eit relativt talrikt publikum med at det berre var eit tidsspørsmål før heimelaget skulle scora.

Men slik gjekk det ikkje. Den første store sjansen i kampen kom etter 13 munutt, då Vadmyra heada i tverrliggjaren bak Idar V. Mjønes i Fitjar-buret. Den største sjansen til Fitjar kom etter 35 minutt, då Kjell Træet sette eit nydeleg frispark i stolpen, frå eit stykke utanfor 16-meteren. To minutt seinare var Øystein F. Waage farleg gjennom, og Vadmyra-keeperen måtte visa fram ein glimrande beinparade.

Andre omgang blei jamspelt, utan dei heilt store sjansane til nokon av laga. Det var tydeleg at Fitjar sakna storscorar Thomas V. Waage på topp. Sjølv om høgreving Øystein F. Waage var lett på foten i dagens kamp, og ein av dei beste på banen.