Årets første haust kamp for damelaget vart eit skikkeleg målkalas. Fitjardamene slo Åsane heile 16-2. Referat frå Britt Lise Volden:

Med bussen til Engevik og Tislevoll reiste me til Åsane med Terje Aleksandersen som sjåfør.

Kanskje det var det sosiale før kampen som gjorde at me var i kanonform, eller at det var dårleg motstand me møtte, eg personleg tru det var litt av begge deler.

Første omgang var me litt oppgira, klarte ikkje å roa ned å la ballen gå, men det er ofte slik at me blir påverka av laget me møter. Ei stund ut i omgangen byrja me å spela langs bakken og då løsna da. Kanskje hadde dommaren ein innverknad på dei første 20. min. også? Då tre av Fitjar-damene fekk gult kort på grunn av smykkar, øredobbar osv. Me har vel aldri hatt så mange kort i løpet av ein heil sesong-) Men dette er visst nye reglar…… Jaja, me begynte ivertfall å spela betre fotball utover i første omgang, og gjekk til pause med 5-1 ledelse.
 
Andre omgang starta me veldig bra, masse gode samspel i frå forsvar til angrep. Veldig kjekt å sjå så mange flotte angrep med mål til slutt!

Kampen enda 16-2 til oss. Det er den største seiaren me har hatt i år, håper me er like flinke å samspela resten av sesongen også, for det viser seg at då er me vanskelige å ta.