Etter 1-0 ved pause kjørte Fitjar over eit Minde-lag som berre klarte å mønstra 10 mann i 2. omgang.

Minde greidde å halda bra følgje med Fitjar i 1. omgang, og det stod berre 1-0 til Fitjar ved pause. Så langt hadde berre Roger Almås greidd å overlista Minde-keeperen, sjølv om både Lars Jacob Helland og fleire med han hadde mange feite sjansar til å auka leiinga.

I andre omgang kom Minde på banen med berre 10 mann, og det kan nok ha vore medverkande til det katastrofale resultatet. Allereie etter 5 minutt i 2. omgang gjekk Fitjar opp til 2-0 ved Jan Åge Tislevoll. Og utover i omgangen fall Minde-laget meir og meir saman, og me fekk sjå måla trilla inn bak Minde-keeperen. Fleire av måla var gode prestasjonar, spesielt var 6-0-målet til Jan Åge Tislevoll ei perle. Den hardaste og mest velplasserte headinga i manns minne.

På eit jamt godt heimelag spela midtbanespelar Kjell André Thorland som vanleg ein god kamp; det same gjorde midtbanekollega Roger Almås, som blei utropt til dagens Fitjar-spelar. Motstanden blei etter kvart litt skral, men det var uansett mykje fint spel og mange flotte scoringar å gle seg over i dag.